Super-prosjekt i manusklassen

 

Kjersti og Harald rett før de skal pitche "Bytting"

Kjersti og Harald rett før de skal pitche «Bytting».

Onsdag 7. April fekk vi på manuslinja gildt besøk frå NRK Super, barnas egen tv-kanal. Dette var i forbindelse med eit TV-serieprosjekt vi skulle pitche for dei fredag 23. mai.

Vi fekk ei grundig innføring i Supers ønsker og metoder, med fokus på deira læresetning: at dei skal «skape ei verd der barn vokser og er viktige.»

Dette tok vi til hjartet da vi starta våre prosjekter. Vi kunne velge mellom å rette oss til aldersgruppe 3-5, 6-8 eller 9-12 år.

Vi delte oss i par og starta arbeidet. Marta & Jørgen byrja på ein leiken serie for dei minste barna, Harald og Kjersti med eit eventyr om pubertet for dei eldste, medan Kaja og Amy ville lage ein dramaserie som turte å ta barns traumer på alvor.

Vi fekk ei bestilling som var ei stor utfordring. På litt over ein månad skulle vi ha klart ei grundig skildring av univers og handling, synopsis til alle episodane i ein sesong, karakterskildringar og manus til ein eller to episodar. Dagane gjekk med mange lange samtalar om korleis det var å spille «sant eller konka» og få kviser, kva barn syns er morosamt, og kva dei toler av alvor.

Marta og Jørgen rett før de skal pitche "Tikkens trolske tusj".

Marta og Jørgen rett før de skal pitche «Tikkens trolske tusj».

Det blei gjort research hos politiet, barnevernet og i barnehagar. Vi opplevde mykje samarbeidsvilje og fekk nyttig informasjon til å ta med vidare i prosessen.

Vi kom etterkvart fram til tre svært ulike prosjekter. «Reisen hjem,» «Tikkens trolske tusj,» og «Bytting.» Ei ung jente som forsøker å halde familien saman, eit barn med ein magisk tusj som gjer tegningane levande og ein tenåring som helst vil vere normal men finner ut at ho er eit troll.

Då fredagen kom satte vi oss på bussen til Oslo med vår hovedlærar Sveinbjørn og etter eit lite buss-til-tog-bytte, var vi snart framme i Oslo, med kriblingar i magen og tankar flygande rundt i skallen, «vil dei forstå ideen?» «vil dei like ideen?»
Vi kom fram til sumarvarme i hovedstaden og tok T-banen opp til Marienlyst, fekk våre namneskilt og dro opp til NRK Supers avdeling. Der møtte vi på nokre kjente fjes, og eit ukjent. Vi blei tatt godt i mot med kaffe, bollar og eigne NRK Super-vannflasker. Da vi skulle starte var vi veldig betrygga av at to store Flode-bamsar stod på kvar side av «scena» og eit stort bilete av Brødrene Dahl hang på veggen. Eit lite blikk mot barndommen var betryggande om vi vart nervøse, og minte om kor mykje glede og enthusiasme det finnes i å skrive for barn. Det viste seg dog å vere lite å vere nervøse for.

Amy og Kaja rett før de skal pitche "Reisen hjem"

Amy og Kaja rett før de skal pitche «Reisen hjem».

NRKs representantar var veldig oppmerksomme og hyggelige.

Vi fekk god respons på samtlige idear, og sjølvsagt nokre gode innspel til vidare arbeid. Etter alle var ferdige var vi svært fornøgde fordi vi følte vi hadde laga tre seriekonsepter som verkeleg tok barn på alvor.

Det har vore kreativt utfordrande, nostalgisk og morsomt å jobbe med dette prosjektet. Det er eit privilegium å få pitche ideane våre for profesjonelle.

Så gjekk turen tilbake til Lillehammer for å starte neste prosjekt.

Manusklassen kull 9 består av:

Amy Black Ndiaye, Kaja Eline Grøndahl, Jørgen Færøy Flasnes, Marta Huglen Revheim, Harald Mæle jr & Kjersti Wøien Håland.